Dansekveldar i Lom

onsdag 16. oktober 2024, 18.30 - 20.00

Informasjon

Lyst til å danse Lomsspringleik eller gamaldans/runddans i haust? Bli med på uformelle dansekveldar med Lom spel- og dansarlag!

Ein onsdag i månaden inviterer vi til dansekveld med mellom anna fokus på springleik og runddans/gamaldans i Lom.
Lær noko nytt, dans det du kan frå før eller berre bli med for det sosiale.

Øvingane er opne for alle og heilt gratis.

Du kan koma heilt åleine, med partner, med familien eller med vener. Vi sørger for at alle har nokon å danse med.

Vi dansar desse kveldane kl. 18:30-20:00
Onsdag 18. september - Kulturstugu, Utgard
Onsdag 16. oktober (info om lokale kjem)
Onsdag 13. november - Kulturstugu, Utgard
Onsdag 11. desember - Kulturstugu, Utgard

Plakat dansekveldar i Lom. - Klikk for stort bilde

Sted

Kultursalen i Utgard
 

Kontakt

Lom spel- og dansarlag
 

URL: https://www.facebook.com/lomspelogdansarlag

Legg til hendelsen i din kalender