Viktig melding

Brøyting vinteren 2024/2025

For å melde inn attendemeldingar på strøing, brøyting og/eller anna som gjeld kommunale vegar, ta kontakt med entreprenør Reidar Andersbakken AS på vakttelefon: 480 87 527.

 

FORSEINKING PÅ FAKTURA - KOMMUNALE AVGIFTER

Som følgje av overgang til nytt system for kommunale avgifter, vil faktureringa for januar bli noko forseinka.

Vi håpar å få sendt ut faktura gjeldande for januar i midten av februar, og at vi er attende til månadleg fakturering i slutten av februar.

  • Hendelse

Den naturnære hagen - digitalt foredrag med Dag Jørund Lønning

Dato

Mandag 24. februar 2025

Tidspunkt

kl. 11.00 - 12.00

Sted

Lom folkebibliotek

Plakat: foredrag med dag J. Lønning - Klikk for stort bilde

Om lag annakvar måndag kan du koma på biblioteket og få med deg aktuelle og lærerike foredrag med nokre av våre beste foredragshaldarar. Det er Senioruniversitetet i samarbeid med biblioteket som tilbyr foredrag som blir overført direkte og vist på storkjerm. Foredraga er gratis og opne for alle. Biblioteket spanderer kaffi, og du kan kjøpe deg noko å bite i om du ynskjer. 

 

Korleis kan du gjere hagen din til ein levande samarbeidspartnar? I dette inspirerande foredraget får du svar på spørsmål som kvifor «ugras» og «skadegjerarar» dukker opp, og korleis du kan jobb med naturen for å unngå dei. Lær korleis du kan fange karbon, auke naturmangfaldet og skape ein sunn og berekraftig hage. Foredraget kjem med sentrale poeng frå Jordboka for hagen (2024).

 

Foredragshaldar er professor Dag Jørund Lønning, rektor ved Høgskulen for grøn utvikling. Han ein av Noreg sine fremste ekspertar på forholdet mellom menneske og natur. Han har skrive ei rekke bestseljande bøker og artiklar om grøn utvikling, og engasjementet og kunnskapen hans gjer dette foredraget til ei inspirasjonskjelde for alle hageentusiastar. 

Praktisk informasjon

Arrangeres av

Lom folkebibliotek