
Ved bortfall av EKOM kan du møte fram på faste oppmøtestader for å få informasjon og kontakte kommunen.
Primærmøtepunkt for helsehjelp
- Lom helseheim, Krokamyrvegen 18, 2686 Lom
Informasjonspunkt i grendene
- Bøverdalen samfunnshus, Sognefjellsvegen 1931, 2687 Bøverdalen
- Garmo bygdahus, Eklevegen 2, 2685 Garmo
- Lidarende i Lia, Liavegen 725, 2686 Lom
- Lom folkebibliotek, Bergomsvegen 29, 2686 Lom
Kriseleiinga vil fortløpande etablere andre treffpunkt/kommunikasjonspunkt avhengig av hending/omfang.
Elektronisk kommunikasjon (ekom) omfattar tenester og infrastruktur som gjer det mogleg å overføre informasjon via elektroniske signal, som mobiltelefoni, fasttelefoni, internett, breiband og trådlaust nettverk. Ved bortfall kan desse tenestene heilt eller delvis slutte å fungere, til dømes som følgje av straumbrot, teknisk svikt, cyberangrep eller naturhendingar.
Føremålet med informasjonspunktet er å gje innbyggjarane tilgang til oppdatert informasjon frå kommunen når elektronisk kommunikasjon ikkje fungerer. Informasjonspunktet kan òg fungere som ein stad der du kan melde frå om akutte hendingar eller situasjonar som kan formidlast vidare til naudetatane.