• Hendelse

Den reaksjonære bølga og ytre høgre på internett - digitalt foredrag med Caroline Tromp

Dato

Mandag 5. mai 2025

Tidspunkt

kl. 11.00 - 12.00

Sted

Lom folkebibliotek

Om lag annakvar måndag kan du koma på biblioteket og få med deg aktuelle og lærerike foredrag med nokre av våre beste foredragshaldarar. Det er Senioruniversitetet i samarbeid med biblioteket som tilbyr foredrag som blir overført direkte og vist på storkjerm. Foredraga er gratis og opne for alle. Biblioteket spanderer kaffi, og du kan kjøpe deg noko å bite i om du ynskjer.

 

I dag ser vi ein reaksjonær bølge som skyl over kulturen og politikken, med ein sterk vekst for ytre høgre i land som USA, Sverige, Frankrike og Tyskland. Internett og sosiale medium har blitt kraftige verktøy for å spreie ekstreme idear, og nye «influensarar» som Andrew Tate påverkar, særleg unge menneske. Korleis har dette skjedd, og kva betyr det for samfunnet vårt?

Plakat til foredrag med Caroline Tromp - Klikk for stort bilde

I dette foredraget tek Carline Tromp oss gjennom ytre høgre si utvikling etter 2010, med fokus på korleis nettet har forandra måten politiske idear blir spreidde på. Tromp, som er utdanna norrønfilolog og har lang erfaring som journalist og forfattar, gjev oss innsikt i denne bekymringsfulle utviklinga og diskuterer kva vi kan gjera for å møte utfordringane. Tromp har skrive boka Tilbakeslaget (2023), som gjev eit djupdykk i korleis den reaksjonære bølgen har vunne terreng.

Praktisk informasjon

Arrangeres av

Lom folkebibliotek