Viktig melding

Brøyting vinteren 2024/2025

For å melde inn attendemeldingar på strøing, brøyting og/eller anna som gjeld kommunale vegar, ta kontakt med entreprenør Reidar Andersbakken AS på vakttelefon: 480 87 527.

Helse og omsorg 2022

Det skjer mykje spennande innan helse og omsorg i løpet av eit år. Under har vi samla nokre høgdepunkt frå 2022. Klikk på lenkene i innhaldslista så kjem du direkte til den enkelte avdelinga. God lesnad! 

Innhald

Pleie og omsorg

Sektoren skal sørgje for at personar som bur og oppheld seg i kommunen får forsvarlege helse – og omsorgstenester. Det skal vera samsvar mellom pasienten sine behov og nivået på tenestetilbodet. Til grunn for all tenestetildeling, ligg individuell kartlegging og tverrfagleg vurdering. Tildelingskontoret for Lom og Skjåk utfører sakshandsaming og fattar einskildvedtak i samråd med tenestene.

Bilete frå pleie- omsorgsavdelinga 

Helse og velferd

Kommunen skal sørgje for at personar som oppheld seg i kommunen får tilbod om naudsynte helse- og omsorgstenester. Dette omfattar alle pasient- og brukargrupper, herunder personar med somatisk eller psykisk sjukdom, skade eller liding, rusmiddelproblem, sosiale problem eller nedsett funksjonsevne (Jfr. helse- og omsorgsloven § 3-1).

Bilete frå helse- og velferdsavdelinga 

Oss i Lom 

I 2022 inviterte kommunen Frys film til å ta pulsen på ein god dag på arbeid for Lom kommune. Spol deg fram til 2:03 for å sjå ein snutt frå Psykisk helseteneste. Frå 2:45 kan du sjå ein snutt frå Lom helseheim. 

Kontakt

Synne Skogsrud
Kommunalsjef helse og oppvekst
Mobil 996 29 016
Elin Jeanette Ulen
Kvalitets- og utviklingsrådgjevar
Telefon 61 21 72 25