Det har vore bra med aktivitet i Utgard gjennom 2022.
Overraskande fekk vi UKM-mønstring våren 2022, og Utgard vart fylt opp med ungdommar frå heile norddalen.
I mai fekk vi gjennomført konserten med Rotlaus, som har vore utsett sidan mars 2020. Nærare 1000 billettar vart seldt. Eit arrangement for ungdom frå 16 år, som vart godt i motteke.
Jakupscena har gjennomført fleire konsertar både med ulik folkemusikk og dans. Diktardagar gjennomfører nok eit variert og flott program.
Fleire andre lokale grupper har endeleg stått på scena igjen med publikum i salen, og det er godt å sjå at vi smått kjem attende til normalen. Teater Innlandet er faste aktørar i Utgard og har vore innom med fire framsyningar. Og ikkje minst – Russerevy 2022, etter 2 år utan revy, så var endeleg eit av årets høgdepunkt for Utgard i gang att.
Totalt hadde vi besøk av nærare 3500 gjester på publikumsarrangement gjennom året.
I overkant av 800 gjestar var på kino, dette er ein nedgang frå tidlegare. Grunnen kan kanskje vere at vi har hatt fleire arrangement på kinodagar, som har gjort at vi dessverre har avlyst fleire kinokveldar.
Om lag 1900 har brukt Utgard som arena for kurs, møte og konferansar. I tillegg kjem alle interne administrative og politiske møte.
Utgard er arena for innandørs aktiviteten for idrett, og har gjennom året vore besøkt av om lag 4000. Det er Lom IL som er hovudaktør, men fleire nyttar våre treningsfasilitetar gjennom året. I tillegg har sykkelrittet Jotunheimen Rundt sin faste mat- og kvileplass i Utgard.
Totalt sett reknar vi over 12.000 som har vore innom oss i 2022. Mange har vore sjå oss fleire gongar, og blir rekna fleire gongar. (Vidaregåande skule er ikkje rekna inn i våre tall.)
Overgangen og usikkerheit med pandemien sette preg på både aktiviteten og drifta i Utgard. Likevel er besøkstalet relativt godt, i eit tid der kostnadane aukar og publikum er meir bevisst på pengebruken. Dette er det vi tek med oss vidare inn i 2023 og. Samstundes som vi veit at fleire kjenner seg meir einsame, så blir behovet for sosiale arenaer særs viktig. Lat oss håpe og tru at Utgard blir ein fin arena å møtast på framover. Og at vi her kan ha eit variert og godt tilbod for våre sambygdingar.