Lom kommune nyttar Varsling24, for å varsle innbyggjarar i eit geografisk område om hendingar. Varsling24 varslar via SMS, e-post og talemelding til fasttelefon.
Når blir systemet brukt?
Kommunen informerar innbyggjarar digitalt ved hendingar der dette er føremålstenleg.
Det kan vere ved vassavstenging, stengte vegar, evakuering, generelle servicemeldingar eller andre tilhøve som krev rask informasjon.
Varsling24 varslar via SMS, e-post, og talemelding til fasttelefon. Meldinga blir sendt som SMS til mobiltelefon og epost, til alle innbyggjarar over 16 år i ein husstand og alle kontaktpersonar i ei bedrift.
Alle einingar i eit burettslag/sameige blir og varsla. Forutsetninga er at bebuarane er oppført i Folkeregisteret med riktig adresse og at dei har kontaktinformasjon i Kontaktregisteret.
Korleis finn vi deg?
Varsling24 nyttar ulike registre for å identifisere og innhente kontaktinformasjon for innbyggjarar i ein husstand og kontaktpersonar i ei bedrift. Meir om dette finn du på Varsling24 si nettside.
Gå til Varsling24