Ofte stilte spørsmål om Varsling 24

Her finn du ei oversikt på ofte stilte spørsmål. Lurar du på noko meir kan du ta kontakt med Lom kommune, eller gå inn på Varsling 24 si heimeside

Korleis virkar varslinga?

Meldinga blir sendt som SMS til mobiltelefonar, epost og ei automatisert talemelding til fasttelefon. Talemelding blir lese inn som "tekst til tale". På slutten av meldinga blir du bede om å taste: 1 - for å bekrefte at du har oppfatta meldinga 9 - dersom du ynskjer å høyre meldinga ein gong til.

Er mitt mobilnummer registrert?

Vi sender varsling til alle som er folkeregistrert på ei berørt adresse i Folkeregisteret og hentar dine kontaktopplysningar frå Digitaliseringsdirektoratets kontaktregister. Så lenge du har registrert dine kontaktopplysningar i Digitaliseringsdirektoratets kontaktregister/Altinn vil du bli varsla. Di oppføring kan du sjekke ved å logge deg inn her 

Eg har hemmeleg nummer. Blir eg varsla?

Varsling 24 varslar ikkje hemmelege nummer. Om du likevel ynskjer å få varsel frå din kommune, gjer ein tilleggsoppføring på varslemeg.no. Kryss av for "hemmeleg nummer".

Korleis får eg varsel for andre adresser enn mi eige bustadsadresse?

varslemeg.no kan du legge inn tilleggsadresser som du ynskjer varsel for. Dette kan gjelde barn i studentbustad, dine foreldre sin bustad eller ein fritidseigedom. Slik gjer du:

  • Under "Tilleggsoppføring" klikkar du "Legg til ditt telefonnummer".
  • Skriv inn ditt mobilnummer og klikk "Send".
  • Du mottek ei kode på sms, som du brukar for å logge deg inn.
  • Her kan du legge til andre adresser du vil varslast for. Namn = den som bur på adressa du registrerar.

Eg bur i burettslag/blokk/sameige. Blir alle på mi adresse varsla?

Alle einingar i eit berettslag eller sameige blir varsla dersom du er registrert i «kontaktregister for offentleg forvaltning».

Korleis finn eg ut om mine foreldre si adresse er i ein kommune som nyttar Varsling 24?

Ta kontakt med den respektive kommune for å høyre om dei brukar Varsling 24.

Korleis kan eg sjå kva for adresser eg får varsel for?

På varslemeg.no kan du sjekke andre varslingsadresser som er oppført på ditt mobilnummer, utover di offisielle bustadsadresse som du er registret med i «kontaktregister for offentlig forvalting». Slik gjer du:

  • Under "Tilleggsoppføring" klikkar du på "Legg til ditt telefonnummer".
  • Skriv inn ditt mobilnummer og klikk "Send".
  • Du mottek ei kode på sms, som du brukar for å logge deg inn. Her ser du lista over adresser som er registrert på ditt mobilnummer.
  • Her kan du og slette adresser eller legge til fleire.