Kontor i Lom

Her finn du oversikt over ledige kontor i Lom kommune.  

Har du lyst til å "prøvejobbe" i Lom? Du kan søkje om støtte til kostnadar knytt til kontorleige dei fyrste månadane. Les meir om ordninga her!

Ta gjerne kontakt med eigar eller næringssjefen dersom du vil ha omvisning. 

Nilsbue kontorfellesskap

Norsk Fjellsenter

Fjoset kontorutleige

Liavegen 65

Murgarden

Visste du at arbeidsgjevar kan få redusert arbeidsgjevaravgift dersom du byttar kontorplass frå sentrale strøk til Lom? Vi ligg nemleg i sone 3, med ei arbeidsgjevaravgift på 6,4%. Kan det vere eit godt argument for ein arbeidsgjevar som ikkje umiddelbart vil betale for ein kontorplass «på bygda»?

Kriteriet for å få redusert arbeidsgjevaravgift er at det blir oppretta ein «underenhet» i Brønnøysundregisteret. Her kan du lese meir om det.

Sjå videoane for Fjellkontor i Lom

 

 

Kontakt

Åshild Myhre Amundsen
Næringssjef og landsbykoordinator
Telefon 975 22 977

Kontorstad: Midtgard, 3. etasje

Hege Olimb Myhre
Bygdeutviklar og bustadkonsulent (i permisjon i perioda august 2024-juli 2025)
Mobil 453 12 269