Du kan søke via fysisk søknadsskjema og levere inn eller sende til Lom kommune.
Søknadsskjema er under arbeid og kjem snart. Fram til skjema er klart; ta kontakt med bustadkonsulent via e-post eller telefon.
Naudsynt dokumentasjon på økonomiske, sosiale og/eller helsemessige forhold for å vurdere søknaden må leggjast ved.
Saksbehandling
Kommunen skal innhente dei opplysningane som er naudsynte for å avgjere saken. Viss naudsynt informasjon ikkje ligg ved søknaden kan kommunen kreve opplysningar frå andre offentlege organar, til dømes Folkeregisteret og skattemyndigheitene. Saksbehandlar tek kontakt med søkar for ytterlegare kartlegging viss det er behov for det.
Søknadar etter bustadbistand drøftast i kommunal bustadgruppe. Deretter fattast det eit vedtak med grunngjeving. I vedtaket vil det eventuelt koma fram kva for type bistand søkar har rett på. Vedtaket sendast ut digitalt.
Dersom ein får eit positivt vedtak (tilsagn) på søknad om bustadbistand vil kommunen eller andre offentlege organar (til dømes NAV) fylgje opp dei tiltaka som er oppgitt i vedtaksbrevet.
Saksbehandlingstid
Kommunen skal behandle søknaden så snart som mogleg. Viss saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du få beskjed om grunnen til dette. Du skal samstundes få opplyst når det antas at vedtaket blir fatta.
Klageadgang
Dersom du ikkje er fornøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan tre veker frå du mottek det. Forklar kva du er misfornøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Opprettheld kommunen si avgjersle blir saken sendt videre til statsforvaltaren.