Bustadområde

Ynskjer du å bli litt betre kjent? Her finn du ei kort skildring av dei ulike krinsane i Lom. 

Lom sentrum (Fossbergom)

Foto: Live Andrea Sulheim

Lom sentrum, kalla Fossbergom, ligg rett oppunder den mektige Lomseggen.
Lom er eit knutepunkt mellom aust og vest, med kort veg til både fjord og fjell.
Det bur i underkant ca. 800-900 personar i sentrum, men talet stig proposjonalt med vårsola og når sitt maksimum i juli. Lom har status som nasjonalparklandsby, og kan by på alt frå squashhall på Fossberg, besøkssenter og steinsenter, mange merka turløyper frå sentrum, ei berømt stavkyrkje, mange gode spiseplassar og overnattingsplassar, fire sportsbutikkar (!) og mykje mykje meir.

Bøverdalen

Foto: Johan Wildhagen

Bøverdalen, også kjent som "dalenes dal" er plassen for deg som vil bu tett på mektige landskap og høge fjell. Tettstaden Galdesand ligg plassert i eit viktig vegkryss, der du kan ta vegen opp på Nord-Europas høgaste fjell (Galdhøpiggen) eller fortsette over Sognefjellet og ned i det vakre fjordlandskapet på andre sida. Her bur du heilt på grensa til både Jotunheimen og Breheimen nasjonalpark, og du har tilgang til snø og skiforhold store deler av året! I området ligg det ein mengde med servicetilbod, inkludert mange hotell og overnattingsplassar, matbutikk, klatrepark og sumarskisenter. Visste du elles at Flåklypa er ein ekte plass, på veg innover Bøverdalen?

Garmo

Garmo

Garmo er kjent for å ha ein av dei beste barnehagane i landet (foreldreundersøkelsen 2021), med store og flotte areal både inne og ute. I Garmo har du kort veg til både sentrum i Lom og Vågå, og gode pendlarmoglegheiter langs Rv15. Høgkollen er eit flott turmål i nærområdet, men det er også kort veg til flotte jakt, fiske- og turmoglegheiter, med m.a. Tesse og Soleggen i "bakgarden".
Her ligg og Brimiland, med fleire overnattingstilbod, matservering og klatrepark. I Garmo sentrum finst det eit eige gardsutsal, i tillegg til overnatting / serveringstilbod i sesong. I Garmo ligg elles Sandom Retreatsenter, ein stad for kvile og undring.

Lia

Utsikt frå Lia

Her bur du høgt og fritt, ofte med gode solforhold og fantastisk utsikt. Samtidig er vegen relativt stutt til både Fossbergom og Vågåmo. Her ser du ned mot elva Otta, som seinare renn ut i Vågåvatnet. På vinterstid er det ofte gode langrennsforhold, med både ljosløype og fleire lengre alternativ. I Lia bur du tett på Reinheimen nasjonalpark, og vegen er kort for små og store fjellopplevingar både vinter og sumar.

Kontakt

Åshild Myhre Amundsen
Næringssjef og landsbykoordinator
Telefon 975 22 977

Kontorstad: Midtgard, 3. etasje