Om profilenMed den visuelle profilen har Lom kommune som målsetting at varemerkebyggjinga kring Lom skal forsterkast og bli enklare. Profilen er tilgjengeleg for alle som vil nytta den etter dei reglar som er fastsett av Lom kommune. Dette vil gje oss ei større felleskapskjensle og samhøyrigheit i åra som kjem. Last ned designmanual (PDF, 2 MB) Visjon Dagens visjon er "Lom – gjestfri og nyskapande". Den var utarbeidd som ein del av kommuneplanen i 2007, og blir brukt saman med slagordet Kom til Lom. Gjestfridomen skal omfatte dei som allereie er busette i kommunen, dei som ønskjer å busette seg her, tilreisande og turistar. Samtidig ligg det fire grunnverdiar til grunn i kommuneplanen frå 2016: Nyskapande i samfunnsutviklinga Trivsel i alle aldrar Lokal kultur og historie: Kunnskap og vidareføring Natur: Ivaretaking og bruk Publisert 16.11.2017 14.33 Sist endret 14.06.2023 08.42