Lom kommune ved rådmannen er behandlingsansvarleg for kommunen si behandling av personopplysningar. Det daglege ansvaret for dei forskjellige behandlingane er delegert i tråd med vidaredelegeringsreglementet.
Lom kommune er ansvarleg for at alle data blir behandla på ein sikker måte med omsyn til konfidensialitet (at data berre skal vere tilgjengeleg for autoriserte personar og prosessar), integritet (at data er nøyaktige, fullstendige og gyldige) og tilgjengelegheit (krav til service - alle rettkomne krav om tilgang til korrekt informasjon skal dekkast ved behov.) Kommunen skal også sikre at det føreligg internkontroll som viser at oppgåvene blir utført i samsvar med personopplysningslova og reglar gjeve etter lova.
Lom kommune har eit særleg ansvar for forsvarleg behandling av sensitive personopplysningar. Sensitive personopplysningar er opplysningar om etnisk bakgrunn, politisk, religiøs eller filosofisk oppfatning, fagforeiningsmedlemskap, genetiske og biometriske data som brukast til eintydig å identifisere enkeltpersonar, helseopplysningar, opplysningar om seksuell orientering, og opplysningar om ein er sikta/dømt for ei kriminell handling.