PersonvernombodPersonvernombodet kan hjelpe i spørsmål om personvern som gjeld kommunane.Personvernombodet i Vågå, Lom, Skjåk, Lesja og Dovre kommunar skal sørgje for at kommunane behandlar personopplysingar i tråd med regelverk og god praksis. Ombodet skal hjelpe tilsette og innbyggjarar med personvernspørsmål.Personopplysningar er all informasjon eller vurderingar som ein kan knyte til deg som enkeltperson. All behandling av personopplysningar er regulert av personopplysningslova. Denne lova skal ivareta personvernet ditt, gjennom å setja krav til korleis slike opplysningar skal bli behandla.Personvernombodet skal:Informere og gje råd til behandlingsansvarleg og dei tilsetteOvervake etterleving av forordninga og interne retningslinerGje råd om DPIA (personvernkonsekvensar), og kontrollere gjennomføringa av desseSamarbeide med Datatilsynet, og vera kontaktpunkt for DatatilsynetVera kontaktpunkt for dei registrerteRett til innsynAlle innbyggjarane har rett til innsyn i kommunen si behandling av personopplysningar. Retten gjeld generell informasjon og opplysningar som er registert på dei. Tilsette har på same måte rett til innsyn om kva kommunen som arbeidsgjevar har registert om dei. For mindreårige og umyndige har føresette eller verge rett til innsyn i registrerte opplysningar.Innbyggjar og tilsette, som ønskjer innsyn i behandling av personopplysingar i kommunen, kan kontakte tenesta eller avdelinga som utfører behandlinga.Andre spørsmål kan rettast til personvernombodetKontaktinformasjon personvernombodE-post: personvernombod@lom.kommune.noSentralbord: 61 21 73 00