Stipend og legat

Er du folkeregistrert i Lom? Treng du økonomisk støtte til vidaregåande eller høgare utdanning i teoretisk og/eller praktisk retning? Lom kommune forvaltar fleire ulike fond og legat som du kan søkje på. 

Søkjarar på fond og legat må vere folkeregistrert i Lom kommune. Nytt deg av søknadsskjema som du finn nedst i saka. Kunngjering av søknadsfrist blir annonsert i lokalpressa og kommunen si heimeside.

Barbro og Rikard Marsteins utdannings- og næringsfond

Formålet med fondet er å gje økonomisk stønad til personar frå Lom kommune som ynskjer å etablere næringsverksemd, eller som tek utdanning, innan dei fagområda som ligg under lov om mesterbrev i håndverk og annen næring, dog primært fagområda snikkar, treskjærar, trevare- og møbelsnikkar samt tømrar.  

Dersom du søkjer støtte for utdanning nytter du søknadsskjema nedst i denne saka. Søkjer du støtte til næringsverksemd nytter du eige søknadsskjema: Søknad for næringsliv til Barbro og Rikard Marsteins utdannings- og næringsfond 

Kven kan søkje? 

Du som er folkeregistrert i Lom kommune, og som: 

  • utdannar deg innan fagområda snikkar/tømrar, treskjæring, trevare- og møbelsnikkar
  • ynskjer å etablere næringsverksemd innan fagområda som nemnt over

Odd Gutubøs Utdanningsfond

Dette legatet vart oppretta i takksemd for god hjelp på Lom helseheim.  Formålet er å gje økonomisk stønad til personar (med bustadadresse i Lom) som ynskjer å utdanne seg innan sjukepleie og hjelpepleie. 

Kven kan søkje?

Du som har registrert bustadadresse i Lom kommune, og som utdannar deg innan sjukepleie eller hjelpepleie. 

Olav Ulmo og Ola T. Kløvvoldens samlelegat for utdanning

Formål: "Legatmidlane skal delast ut til ungdom frå Lom som treng økonomisk støtte til vidaregåande eller høgare utdanning i teoretisk og/eller praktisk retning." 

Fondet er ikkje utlyst i år. 

Lars O. Prestjorde og kones fond

Ungdom i Lom som tek vidaregåande utdanning kan søkje om stipend frå ovannemnde fond.

Fondet er ikkje utlyst i år. 

Torlaug Kvandalsvolls minnefond

"Fondet skal ha som formål å vera til hugnad og glede for dei som bur i heimbygda mi. Desse kan søkje: Lag som står for kyrkjekonsertar, Lom Helseheim, Lom pensjonistlag, Bøverdal Samfunnslag, Speidaren, Musikk- og andre lag som driv tilsvarande kulturaktivitetar." Dette minnefondet har eige søknadsskjema: Søknadsskjema Torlaug Kvandalsvolls minnefond

Fondet er ikkje utlyst i år. 

Otto Gutubøs utdanningsfond

Ungdom i Lom som tek universitets- eller høgskuleutdanning innan landbruk, skogbruk og naturforvaltning tilsvarande cand.agricnivå (mastergrad i landbruk), veterinærmedisin og sivilingeniør kan også søkje på Otto Gutubøs utdanningsfond. 

Søknadsskjema:


 

Opningstider

Lom kommune

Sognefjellsvegen 6

2686 LOM

61 21 73 00

post@lom.kommune.no

Orgnr.: 959377677

Opningstid Servicetorget

kvardagar: 10.00 - 14.00