Viktig melding

VIKTIG INFO KRING FAKTURERING AV KOMMUNALE GEBYR

Grunna overgang til nytt system for handsaming av kommunale gebyr har vi vorte noko forseinka med fakturering.
Difor vil du nå motta faktura for termin 1 og 2 i starten av mars. For termin 3 vil faktureringa gå som normalt.

Torgplass

Torgplassen i Lom ligg i sentrum, på avgrensa område mellom Coop Extra og Fossberg Hotell.

Retningsliner for torghandel i Lom kommune 

Søke om løyve: 

Det er ikkje behov for å søkje om lov til å nytta torgplass 1 og 2 (sjå kart) i Lom kommune. Det er førstemann til mølla-prinsippet som gjeld. 

Kvar kan du stå? 

Torgplass nr. 1 (sjå kart): Her er det lov med salsboder, bord, små telt og liknande og bilar under seks meter. 

Torgplass nr. 2 (sjå kart): Her er det lov med mindre bord / stand. Bil er ikkje lov , og du må plassere bordet/standen slik at du ikkje kjem i vegen for verken trafikken eller oppsette bord og benker. 

Retningsliner for bruk: 

  • Torgplass 1 og 2 er gratis, men du må halde deg innanfor retningslinjene for torghandel i Lom kommune.
  • Det er ikkje anledning til å koble seg på straumuttak.
  • Det er ikkje tillate med biler over seks meter. Lom kommune har ingen torgplass som passer til dette formålet. Ta eventuelt kontakt med private grunneigarar i sentrum for å finne egna plassering.
  • Torgplassane er tiltenkt bruk i korte periodar, maks 3 – 4 dagar.
  • Torghandel skal følgje reglane som er fastslått i lov om heilagdagar og heilagdagsfred. Merk at Fossbergom har status som typisk turiststad i perioden 1. april til 15. oktober. Dersom påska er før 1. april, gjeld godkjenninga frå påske. Dette betyr m.a. at det er lov med sundagsope i denne perioden. 
     

På torgplassane til Lom kommune er det tillate med:

  • Sal av mat, drikke og tradisjonelt handverk, helst med lokal tilknyting
  • Ikkje- kommersielle aktørar til dømes politiske parti, elevbedrifter eller kulturinnslag. 
     

Ordensreglar: 

Plassen rundt boden skal haldast rein og ryddig. Brot på retningslinene vil føre til bortvising frå torgplassen, eventuelt nekta tilgang til torgplassen i ettertid for kortare eller lengre tid, nærare fastsett av kommunedirektøren. 

Skilting må være i tråd med reglementet for skilting i Lom kommune. 

Lom kommune kan vise bort aktørar som bryt med retningslinene.

Torgkart:

Torgkart

Adresse

Lom kommune

Sognefjellsvegen 6

2686 LOM

61 21 73 00

post@lom.kommune.no

Orgnr.: 959377677

Opningstid Servicetorget

kvardagar: 10.00 - 14.00