Viktig melding

VIKTIG INFO KRING FAKTURERING AV KOMMUNALE GEBYR

Grunna overgang til nytt system for handsaming av kommunale gebyr har vi vorte noko forseinka med fakturering.
Difor vil du nå motta faktura for termin 1 og 2 i starten av mars. For termin 3 vil faktureringa gå som normalt.

Kommunepsykolog

Frå hausten 2019 har kommunane Skjåk, Lom og Vågå gjennom eit interkommumalt samarbeid tilsett kommunepsykolog i fast stilling.

Gjennom tilsettinga oppfyller kommunane Stortinget sitt vedtak om endra kompetansekrav i Helse- og omsorgsloven. Dei endra krava forpliktar kommunane til å ha psykologressurs i sitt tenesteapparat. Lovfestinga trer i kraft 01.01.2020.

Lom kommune er vertskommune for stillinga. Samarbeidsavtala mellom kommunane regulerer kommunepsykologen sin innsats fordelt mellom dei tre kommunane i høve folketall.

Kommunepsykologen vil bidra til styrking og utvikling av kommunane sine helse- og omsorgstenester og vil inngå i kommunane sitt systematiske arbeid for betring av folkehelsa.

Kommunepsykologen vil bidra til fag- og tenesteutvikling ved å hjelpe dei kommunale tenesteytarane med rådgjeving og konsultasjon både i einskild saksarbeid og kring faglege tema.

Vidare vil kommunepsykologen kunne bidra til teneste- og kompetanseutvikling både gjennom undervisning og kursplanlegging,  og  gjennom faglege innspel til kommunalt planarbeid i høve folkehelse, oppvekstkår, skule/ barnehage og helse- og omsorgstenester.

Etter individuell vurdering av hensiktsmessigheit og behov, vil kommunepsykologen tidvis kunne gje kliniske tenester. Førespurnad om slik teneste kan til dømes gå gjennom fastlege, psykisk helseteneste eller helsestasjon/helsesjukepleier som kan drøfte saka med kommunepsykologen.

Kontakt

Ivar Morten Gjellesvik
Kommunepsykolog Lom/Skjåk/Vågå
Telefon 481 65 518