Viktig melding

VIKTIG INFO KRING FAKTURERING AV KOMMUNALE GEBYR

Grunna overgang til nytt system for handsaming av kommunale gebyr har vi vorte noko forseinka med fakturering.
Difor vil du nå motta faktura for termin 1 og 2 i starten av mars. For termin 3 vil faktureringa gå som normalt.

Tryggleiksalarm

Pleie og omsorg disponerer eit visst antal tryggleiksalarmar. Alarmen skal du alltid bera på deg, og trykkje på ved behov.

For å få tryggleiksalarm, må det føreliggje ein søknad om tryggleiksalarm til Lom og Skjåk tildelingskontor. Tildelingskontoret utfører sakshandsaming og fattar vedtak i tråd med kvalitetsstandardane for Lom kommune. Ved vedtak om tryggleiksalarm, blir heimesjukpleia kontakta. Heimesjukepleia fyller ut skjema over personalia og oversikt over pårørande i samråd med brukar. Vaktmeistertenesta reiser ut til kvar einskild brukar og koplar opp alarmen og testar alarmen mot vaktsentralen ved NGLMS.

Kvalitetsstandardar for tildeling av tenester i pleie og omsorg

Slik får du tenesta

Søknad på tryggleiksalarm kan sendast til Lom og Skjåk tildelingskontor.

Vedtak fylgjer forvaltningslova sine reglar for saksbehandling jamfør § 27-36.

Dette kan du vente av oss

  • vedtak om tildeling av alarm innan ei veke etter motteke søknad.
  • beskjed på telefon om tid for montering.
  • du får alarmen din kontrollert 1 gong i månaden.
  • du får montert nøkkelboks likt med alarmen.