Du som mottek tenesta får praktisk bistand og/eller opplæring heime. Tenesta skal kompensere for nedsett evne til å ta i vare eiga omsorg og greie daglege gjeremål. Basisen i arbeidet er målretta miljøarbeid. Det vil seie hjelp til sjølvhjelp. Målsettinga er at personar med samansette hjelpebehov skal ha gode levekår og høg livskvalitet. Brukarmedverknad, sjølvstendiggjering, aktivisering og sosial deltaking vektleggast.
Målgruppe for tenesta
Søkjar som har eit særleg hjelpebehov på grunn av funksjonshemming, der det er nødvendig med god tilrettelegging av dagleglivet sine aktivitetar og fritid. Tenesta vert gjeve uavhengig av buform.
Slik får du tenesta
Ta kontakt med Lom og Skjåk tildelingskontor. Hjå dei får du eit eige søknadsskjema som du fyller ut og sender i retur til tildelingskontoret.
Pris
Tenester som er opplæring, eller fyrst og fremst gjeld hjelp til personleg omsorg og hygiene, er gratis.
Praktisk hjelp til reingjering av heimen, stell av klede m.m. som ikkje er knytt til opplæring, er å sjå på som heimehjelpsrelatere oppgåver, og dei kommunale vederlagsatsane for heimehjelp gjeld.
Lovgrunnlag
- Tildeling av Tilrettelagte tenester etter Lov om helse- og omsorgstjenester § 3-2, pkt 6, bokstav b, jfr § 3-1.
- Forvaltningsloven
- Helsepersonelloven
- Pasient- og brukerrettighetsloven
Rett til å klage
Det er mogleg å klage på vedtaket, jmf. Forvaltningslova § 28. Rett klageinstans er Fylkeslegen i Oppland. Klaga skal sendast til Lom og Skjåk tildelingskontor innan 3 veker frå vedtaket er motteke. Lom og Skjåk tildelingskontor kan hjelpe deg med å skrive klaga.