Avhengig av brukaren sine behov, ynskje og interesser kan støttekontakten nyttast til individuelt samvær eller som ein brubyggjar til fritidsaktivitetar eller andre menneske. Støttekontaktordninga omfattar hjelp og følgje til kulturarrangement, besøk, og andre sosiale aktivitetar.
Det blir laga ei skriftleg oppdragsavtale med støttekontakten. I oppdragsavtala vil det framgå nærare opplysningar om løn, hovudoppgåver, retningsliner og andre gjensidige forpliktingar, samt opplysning om teieplikt. Alle støttekontaktar må skrive under teieplikt, der det er presisert at teieplikta og gjeld etter at støttekontaktperioden er avslutta. Støttekontaktene får opplæring og oppfølging av vernepleiar 1. Tenesta nyttar elektronisk pasientjournal. Skulle det vere trong for å ta unna særskilde opplysningar, må skriftleg reservasjon ligge føre. Praktiske gjeremål og transport er ikkje oppgåve til støttekontakten.
Målgruppe for tenesta
Støttekontakt blir tildelt personar og familiar som har behov for dette på grunn av funksjonshemming, alder eller sosiale problem. Den som treng personleg hjelp for ikkje å isolere seg, eller til å leve eit sosialt aktivt liv, kan og søkje om å få støttekontakt.
Slik får du tenesta
Ta kontakt med tildelingskontoret om du ynskjer støttekontakt.
Støttekontakt blir tildelt etter kartlegging av funksjonsnivå og hjelpebehov. Under kartlegginga blir det utført IPLOS-registrering (individbasert pleie- og omsorgsstatistikk), som er lovpålagt.
Råd, rettleiing og hjelp til å fylle ut søknaden får du av oss.
Pris
Tenesta er gratis.
Brukar som nyttar tilbodet utover vedtak/reisegodtgjersle som er tildelt, må sjølv dekke desse utgiftene.
Lovgrunnlag
- Tildeling av støttekontakt med heimel i Lov om kommunal helse- og omsorgstjenester § 3-2 fyrste ledd nr. 6, bokstav b, jfr § 3-1.
- Forvaltningsloven
- Lov om pasientrettigheitar
Rett til å klage
Dersom ein vil klage på vedtak, er klagefristen tre veker frå vedtaket er motteke. Klage skal sendast til Heimebasert omsorg, som vil kome med ny saksutgreiing. Endeleg klageinstans er Fylkesmannen.