Familieteam

Helsestasjonen gjev eit gratis helsetilbod til alle barn i alderen 0-5 år. Tenesta ynskjer å støtte føresette i foreldrerolla. Alle får tilbod om heimebesøk innan to veker etter heimkomst frå barselavdelinga. Helsesjukepleiar tek kontakt via telefon så fort fødselsmeldinga er komen, og da blir det gjort avtale om heimebesøk.

Helsestasjon for barn

Helsestasjonen gjev eit gratis helsetilbod til alle barn i alderen 0-5 år. Tenesta ynskjer å støtte føresette i foreldrerolla. Alle får tilbod om heimebesøk innan to veker etter heimkomst frå barselavdelinga. Helsesjukepleiar tek kontakt via telefon så fort fødselsmeldinga er komen, og da blir det gjort avtale om heimebesøk.

Helsestasjonsprogrammet 0-5 år

Helsestasjonsprogrammet 0-5 år
Alder Aktivitet
1-2 veker: heimebesøk til nyfødt ved helsesjukepleiar
4 veker individuell konsultasjon med helsesjukepleiar
6 veker individuell konsultasjon med helsesjukepleiar og lege, vaksine
8 veker individuell konsultasjon med mor: samtale om psykisk helse
3 mnd: individuell konsultasjon med helsesjukepleiar, vaksiner
4 mnd: individuell konsultasjon med helsesjukepleiar og fysioterapeut
5 mnd: individuell konsultasjon ved helsesjukepleiar, vaksine
6 mnd: individuell konsultasjon ved helsesjukepleiar og lege
8 mnd: individuell konsultasjon ved helsesjukepleiar
10 mnd: individuell konsultasjon ved helsesysjukepleiar
12 mnd: individuell konsultasjon ved helsesjukepleiar og lege, vaksine
15 mnd: individuell konsultasjon ved helsesjukepleiar, vaksine
18 mnd: individuell konsultasjon ved helsesjukepleiar
2 år: individuell konsultasjon ved helsesjukepleiar og lege
4 år: individuell konsultasjon ved helsesjukepleiar og motorisk gruppe med fysioterapeut i barnehagen
5 år: individuell konsultasjon (førskule) ved helsesjukepleiar og lege

Målgruppe for tenesta

Barn frå 0-5 år som bur eller oppheld seg i kommunen. Føresette har ansvar for at barn får dekt sine behov for omsorg, og tett samarbeid med føresette er viktig for tenesta.


Slik får du tenesta

Tenesta er eit tilbod som du får ved å ta kontakt med helsestasjon eller skulehelsetenesta. Når barn flytter til Lom, får tenesta oversendt helsekort når foreldre ber om dette frå den førre helsestasjonen. Foreldre til nyfødt blir kontakta så fort som mogleg etter heimkomst og når fødselsmelding frå sjukehuset har kome.

Kontakt

Lom og Skjåk Helsestasjon
Sentralbord
Telefon 467 00 060