Kvalifiseringsprogrammet er eit tilbod til deg som ikkje greier å delta i arbeidslivet, men som heller ikkje har ein medisinsk diagnose som gjev deg rett til trygd. Programmet blir utforma i samarbeid med deg. Det skal bestå av arbeidsretta tiltak, men kan også innehalde andre tiltak. Det kan settast av tid til medisinsk behandling, opptrening og eigenaktivitet innafor programtida. Programmet skal være heilårleg og på full tid. Medan du deltek i programmet, mottek du kvalifiseringsstønad. Du har rett til individuell plan.
Kriterium / vilkår
Du er i yrkesaktiv alder, har vesentleg nedsett arbeids- og inntektsevne og har ingen eller svært begrensa ytingar til livsopphald etter folketrygdloven og arbeidsmarknadsloven.
Partnarar
På Nav-kontoret arbeider dei tilsette saman for å finne fram til heilskaplege og individuelt tilrettelagde løysingar. Deltakarane skal ha tett og koordinert bistand. Dei tilsette samarbeider difor med næringsliv, helsevesen, friviljuge organisasjonar, osv. Samarbeidspartnarane vil avhenge av innhaldet i programmet.
Regelverk
Kvalifiseringsprogrammet er ein lovfesta rett.
Målgruppe for tenesta
Personar som treng tett og koordinert oppfølging over tid for å koma ut i arbeid.
Kontakt
Nav-kontoret
Kontakttelefon
55 55 33 33
Sist endret 07.05.2024 10.19