Økonomisk sosialhjelp skal sikre at alle har tilstrekkeleg med midlar til livsopphald, slik at den som ikkje sjølv kan syta for sitt livsopphald har eit minimum av økonomisk tryggleik. Økonomisk sosialhjelp kan i tillegg ytast til personar som treng det for å koma over eller tilpasse seg ein vanskeleg livssituasjon.
Kva omfattar tenesta?
- Ei kartlegging av økonomi og livssituasjon som er viktig for saka.
- Utbetaling av økonomisk stønad - overført til deg eller kreditor. Hjelpa vert vanlegvis gjeve som bidrag, men kan gjevast som lån dersom det er venta at du innan ei viss tid vil koma i ein betre økonomisk situasjon.
- Råd og rettleiing om korleis du kan koma deg ut av den vanskelge livssituasjonen.
- Hjelp til å ta kontakt med andre som kan hjelpa deg, dersom du treng det.
Sjå meir på www.nav.no
Dokumentasjon
Det er krav om at du dokumenterer inntekter, utgifter og eventuell formue og gjeld og anna som sosialkontoret finn nødvendig for saksbehandlinga. Det kan stillast vilkår for utbetaling av sosialhjelp. Vilkåret skal ha nær samanheng med det saka gjeld, td at du må melda deg arbeidsledig hjå Nav dersom du er utan arbeid, eller forhandle med bank om å få utsett betaling på lån dersom dette er medverkande årsak til problema.
Skriftleg søknad
Send skriftleg søknad digitalt på www.nav.no/sosialhjelp
Saksbehandlingstid
Saksbehandlingstida er opp til fire veker. Vurderer NAV søknaden som ein naudsituasjon, tek sakshandsamingstida 48 timar. Når søknaden er behandla vil du få skriftleg melding om vedtaket.
Kontakt
- NAV Lom og Skjåk
- Industrivegen 13
- 2690 Skjåk
Kontakt telefon
55 55 33 33
Publisert 14.11.2017 21.33
Sist endret 12.09.2024 14.50