OmsorgstenesterPleie- og omsorgsavdelinga finn du på og i området rundt Lom helseheim. Telefon: 61 21 72 25.Velkomen til pleie og omsorgMål og perspektiv for pleie og omsorgstenesteneVi har som mål at tilboda våre skal vere fleksible, differensierte, og ha god kvalitet, tilpassa den enkelte brukar og dei næraste pårørande. Tenestene skal fungere som ein heilskap, og tilgjengelege ressursar skal nyttast mest mogleg effektivt.Mål for heimebasert omsorgMålet er å gje individuelt tilpassa tenester etter behov, uansett alder, diagnose eller bustad i Lom.Mål for institusjonsbasert omsorgMålet er å ivareta behova for omsorg, tryggleik og trivsel for den einskilde. Sist endret 20.08.2024 09.44