Dagsenter for heimebuande personar med hukommelsessvikt/ demenssjukdom
For å få plass på dagsenteret, må det søkjast om teneste ved å fylle ut søknadsskjema som gjeld kommunale pleie- og omsorgstenester. Tildelingskontoret for Lom og Skjåk handsamar søknaden og fattar einskildvedtak.
Du finn søknadsskjema på nettsida til Tildelingskontoret for Lom og Skjåk.
Målsetjinga for dagsentertilbodet er å gje brukarane ei oppleving av meiningsfulle aktivitetar, sosialt samvær, trivsel og tryggleik. Aktivitetane skal vera med å halde funksjonsnivået til brukarane ved like. Tilbodet kan fungere som avlastning for pårørande.
Dagsenteret er ope Måndagar, tysdagar og torsdagar frå kl. 10 til kl. 14.30. Dagsenteret held stengt i høgtider og på heilagdagar.
Brukarane blir henta og bringa i kommunal bil. Det er ein eigenandel pr 01.01.22: Kr. 196,-
Dagen tek til og blir avslutta med eit måltid. Aktivitetane blir lagt opp etter brukaranes ynskjer og interesser. Prøver å legge inn litt fysisk aktivitet.
Det er fire tilsette på dagsenteret; tre helsefagarbeidarar og ein spesialsjukpleiar. Det er to tilsette til stades kvar dag. Sjukepleiar har det faglege ansvaret. Dagsenteret ligg organisatorisk under heimesjukepleia.
Dagsenteret held til i «Pensjonatet» ved sidan av Lom helseheim.