Viktig melding

Brøyting vinteren 2024/2025

For å melde inn attendemeldingar på strøing, brøyting og/eller anna som gjeld kommunale vegar, ta kontakt med entreprenør Reidar Andersbakken AS på vakttelefon: 480 87 527.

Heimehjelp

Kommunen skal tilby praktisk bistand og opplæring i daglege, praktiske gjeremål til brukarar som har eit særs hjelpebehov på grunn av sjukdom eller funksjonshemming. 

Personar som ikkje klarar å ta omsorg for seg sjølv, eller som er heilt avhengig av praktisk eller personleg assistanse for å greie daglege gjeremål, kan få tilbod om praktisk bistand/opplæring.

Målgruppe for tenesta

Målgruppe for tenesta er deg som på grunn av alder, funksjonshemming, sjukdom eller andre årsakar har eit særleg behov for praktisk hjelp i heimen til daglege gjeremål.

Slik får du tenesta

Lom og Skjåk tildelingskontor tildeler heimehjelp etter individuell kartlegging og tverrfagleg vurdering.
Gå til Lom og Skjåk tildelingskontor

Pris

Mottakarar av heimehjelp og praktisk bistand/opplæring som ikkje er til personleg stell og eigenomsorg betalar for tenesta etter abonnementsordning.

Eigenbetaling skal betalast etter husstanden (ektefelle/sambuar) si samla skattbare nettoinntekt før særfrådrag. Den reelle inntekta skal leggjast til grunn dersom inntekta er vesentleg endra, dette må dokumenterast av brukaren.

Lovgrunnlag

Heimehjelp er ei lovpålagt teneste etter Helse- og omsorgstenestelova § 3-2 fyrste ledd nr. 6, bokstav b, og § 11-2 om rett til å krevje vederlag for kommunale helse- og omsorgstenster. 

Forvaltingslova.

Rett til å klage

Det er mogleg å klage på vedtaket, jmf. Forvaltingslova § 28. Rett klageinstans er Fylkeslegen i Oppland. Klaga skal sendast til Lom og Skjåk tildelingskontor innan 3 veker frå vedtaket er motteke. Lom og Skjåk tildelingskontor kan hjelpe deg med å skrive klaga.