TryggleiksalarmPleie og omsorg disponerer eit visst antal tryggleiksalarmar. Alarmen skal du alltid bera på deg, og trykkje på ved behov. For å få tryggleiksalarm, må det føreliggje ein søknad om tryggleiksalarm til Lom og Skjåk tildelingskontor. Tildelingskontoret utfører sakshandsaming og fattar vedtak i tråd med kvalitetsstandardane for Lom kommune. Ved vedtak om tryggleiksalarm, blir heimesjukpleia kontakta. Heimesjukepleia fyller ut skjema over personalia og oversikt over pårørande i samråd med brukar. Vaktmeistertenesta reiser ut til kvar einskild brukar og koplar opp alarmen og testar alarmen mot vaktsentralen ved NGLMS. Kvalitetsstandardar for tildeling av tenester i pleie og omsorg Slik får du tenesta Søknad på tryggleiksalarm kan sendast til Lom og Skjåk tildelingskontor. Vedtak fylgjer forvaltningslova sine reglar for saksbehandling jamfør § 27-36. Dette kan du vente av oss vedtak om tildeling av alarm innan ei veke etter motteke søknad. beskjed på telefon om tid for montering. du får alarmen din kontrollert 1 gong i månaden. du får montert nøkkelboks likt med alarmen. Sist endret 19.12.2022 10.29