Avlastning i institusjonAvlastning er eit tilbod til deg som har langvarig og tyngande omsorgsansvar, og kan gjevast anten i heimen eller ved at den omsorgstrengande får eit opphald i institusjon.Avlastningsopphald i sjukeheim inneber: Eit døgnkontinuerleg pleie- og omsorgstilbod, som er tidsavgrensa. Regelmessig oppfølging av tilsynslege, og elles etter fagleg vurdering. Kontakt med spesialist og tannhelseteneste etter fagleg vurdering. Kontakt med fysio- og ergoterapiteneste etter fagleg vurdering.Hjelpa blir tilpassa den enkelte pasient ut frå faglege vurderingar. Tenesteinnhaldet skal utarbeidast i samarbeid med den enkelte pasient/pårørande.Vidare kan vi tilbyUlike aktivitetstilbod. Tilrettelegging av personlege merkedagar. Tilbod om frisør og fotpleie (betalingsteneste) Hjelp med søknad om logoped. Hjelp til innkjøp.Målgruppe for tenestaAvlastning er eit tilbod til deg som har langvarig og tyngande omsorgsansvar, og kan gjevast anten i heimen eller ved at den omsorgstrengande får eit opphald i institusjon.Slik får du tenestaTa kontakt med Lom og Skjåk tildelingskontor og send inn ein skriftleg søknad. SøknadsfristSøknaden blir individuelt behandla. Tildeling skjer på tverrfagleg inntaksmøte kvar tysdag. Du får skriftleg melding om vedtak.PrisGratis.Lovgrunnlag Dette er ei lovpålagt teneste. Lov om kommunale helse- og omsorgstenester § 3-2, 1. ledd nr 6, bokstav d. Tenesta er eit tilbod om heildøgns pleie, omsorg og behandling i sjukeheim. Forvaltningsloven Helsepersonelloven Pasient- og brukerrettighetsloven Forskrift for sjukeheim og buform for heildøgns omsorg og pleie Forskrift om vederlag for opphald i institusjon m.v.Rett til å klageVedtak om tildeling og bortfall av plass vert gjort i inntaksnemnda. Disse vedtaka kan det klagast på til Fylkeslegen. Klageinstans når det gjeld betaling er Fylkesmannen. Klagefrist er 4 veker til Fylkeslegen og 3 veker til Fylkesmannen.Klage skal sendast til Lom kommune, Institusjonsbasert omsorg.Lom kommune v/institusjonsbasert omsorg kan gje rettleiing og råd, j.fr § 27.3 og § 28 i Forvaltningslova og Pasient- og brukerrettighetsloven, kap. 7, §§ 7-2, 7-3, 7-4 og 7-5. Sist endret 16.05.2024 09.38