Kjøkenet på Lom helseheim lagar maten for heile institusjonen. Det er og mogleg for andre eldre og hjelpetrengande å kome hit og kjøpe seg mat. Kjøkenet tilbyr spesialkost for dei som treng det. Ynskje om mat frå pasientane/brukarane strekker vi oss langt for å tilfredsstille. Kjøkenet held på lokale mattradisjonar og lokale leverandørar.
Kantine
I kantina kan ein få kjøpt seg dugurd/lunsj, kaffe, te brus og andre kioskvarer mellom kl. 11.00 og 12.00.
Middag
Du kan få kjøpt middag seinare på dagen ved å ta kontakt med kjøkenet.
Målgruppe for tenesta
Heimebuande, pasientar på institusjon, pårørande, besøkjande og tilsette.
Sist endret 20.08.2024 09.49