Langtidsopphald i sjukeheim inneber:
- Eit døgnkontinuerleg pleie- og omsorgstilbod, som ikkje er tidsavgrensa.
- Regelmessig oppfølging av tilsynslege, og elles etter fagleg vurdering.
- Kontakt med spesialist og tannhelseteneste etter fagleg vurdering.
- Kontakt med fysio- og ergoterapiteneste etter fagleg vurdering.
Hjelpa blir tilpassa den enkelte pasient ut frå faglege vurderingar. Tenesteinnhaldet skal utarbeidast i samarbeid med den enkelte pasient/pårørande.
Kvalitetsstandard
Dokumentet Kvalitetsstandardar for tildeling av tenester i pleie og omsorg, er ei presisering av korleis Lom kommune ynskjer å tilby sine tenester til innbyggjarane.
Målgruppe for tenesta
Målgruppe for tenesta er deg som treng eit bu- og behandlingstilbod med stort pleie- og omsorgsbehov, eller medisinsk faglege problemstillingar, der det ikkje kan gjevast tilstrekkeleg helsehjelp i heimen.
Slik får du tenesta
Skriftleg søknad (søknadsskjema finn du under lenker til høgre nederst på sida)til Lom og Skjåk tildelingskontor, Moavegen 30, 2690 Skjåk, eller ved at korttidsopphald blir vidareført som langtidsopphald etter medisinsk fagleg vurdering.
Søknadsfrist
Søknaden blir individuelt behandla av tildelingskontoret. Tildeling skjer på tverrfagleg inntaksmøte kvar tysdag. Du får skriftleg melding om vedtak.
Pris
I samsvar med reglement for betaling av opphald i institusjon.
Kontakt
Lom og Skjåk tildelingskontor
Lovgrunnlag
Dette er ei lovpålagt teneste. Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester § 3-1 jfr § 3-2.
Tenesta er eit tilbod om heildøgns pleie, omsorg og behandling i sjukeheim.
- Forvaltningsloven
- Helsepersonelloven
- Kommunehelsetenesteloven
- Lov om pasientrettar
- Forskrift for sjukeheim og buform for heildøgns omsorg og pleie
- Forskrift om vederlag for opphald i institusjon m.v.
Rett til å klage
Vedtak om tildeling og bortfall av plass vert gjort i inntaksnemnda. Desse vedtaka kan det klagast på Fylkeslegen. Klageinstans når det gjeld betaling, er Fylkesmannen. Klagefrist er 4 veker til Fylkeslegen og 3 veker til Fylkesmannen.
Klage skal sendast til Lom og Skjåk tildelingskontor, Moavegen 30, 2690 Skjåk.
Lom og Skjåk tildelingskontor kan gje rettleiing og råd, j.fr § 27.3 og § 28 i Forvaltningslova og Pasient- og brukerrettighetsloven, kap 7, §§ 7-2, 7-3, 7-4 og 7-5.