Viktig melding

Brøyting vinteren 2024/2025

For å melde inn attendemeldingar på strøing, brøyting og/eller anna som gjeld kommunale vegar, ta kontakt med entreprenør Reidar Andersbakken AS på vakttelefon: 480 87 527.

Brukarstyrt personleg assistanse

Brukarstyrt personleg assistanse (BPA) er ein alternativ måte å organisere tenester praktisk og personleg på, for personar med nedsett funksjonsevne og stort behov for bistand i dagleglivet - både i og utanfor heimen.

Målet med brukarstyrt personleg assistanse er å bidra til at personar med bistandsbehov får eit aktivt liv og blir mest mogleg uavhengige.

BPA-ordninga inneber at personar med bistandsbehov sjølv er med og tilset sine personlege assistentar. Brukar (eventuelt medarbeidsleiar - ein nærståande person) har rolla som arbeidsleiar og tek på seg ansvar for organisering og innhald ut frå eigne behov. 

Arbeidsleiar eller medarbeidsleiar har ansvar for opplæring av assistentane og dagleg organisering av arbeidet deira. Dette inneber mellom anna  å setja opp planar for kva tider assistentane skal arbeide, og for å fylgje opp assistentane i høve HMS (helse, miljø og sikkerheit).

Arbeidsleiar skal ta ansvar for at ordninga er forsvarleg, både for dei som er tilsett og for seg sjølv. Innan dei timeramane som kommunen sitt vedtak fastset, kan brukar styre kva assistentane skal gjere og til kva tider assistanse skal gjevast.

Dei som har 32 timar assistanse eller meir pr veke har rett til å få assistansen organisert som BPA.

Dei som har mellom 25 og 31 timar i veka har rett til å få assistansen sin organisert som BPA med mindre kommunen kan dokumentere at andre tilbod vert vesentleg rimelegare.  Dersom ein ikkje har rett til BPA kan kommunen likevel vurdere om BPA er hensiktsmessig.

Arbeidsgjevaransvaret i ei BPA-ordning kan organiserast på ulike måtar. Kommunen kan ivareta arbeidsgjevaransvaret sjølv, eller inngå avtale med andre offentlege eller private aktørar.

Søknad om Brukarstyrt personleg assistanse sendast til Lom og Skjåk Tildelingskontor.