Målgruppa er alle frå ungdomsskulealder og oppover som bur eller oppheld seg i Lom eller Skjåk.
Dei vanlegaste problemstillingane er angst, depresjon, stress, rus eller samansette helsevanskar som gjer at du har vanskar med å fungere godt i det daglege, både på arbeid og heime.
Livskriser, akutte hendingar/sjukdom kan gjere at du treng nokon å snakke med om din situasjon, hjelp til å sortere, nyorientering.
Vi kan også yte tenester til ungdom, frå ungdomsskulealder og oppover som, kjenner på stress, forventningspress, mistilpassing, konflikter eller anna som grip om seg i kvardagen.