Landslovsjubileum og matmakt - Diktardagar på biblioteket

Under Diktardagar kan du få med deg to aktuelle og lærerike foredrag på biblioteket. Torsdag 29. august markerer vi Landslovsjubileet 2024 med foredrag av Erik Opsahl, leiar av Middelaldersenteret ved NTNU i Trondheim. Fredag 30. august gjestar skribent og journalist Siri Helle biblioteket med foredraget Matmakt og kjedemakt, kven som bestemmer kva vi skal eta?

Plakat Diktardagar på biblioteket - Klikk for stort bilde

Landslovsjubileet 2024
Torsdag 29. august blir det markering av Landslovsjubileet. I år er det 750-årsjubileum for Magnus Lagabøtes landslov. I 1274 samla kong Magnus VI for fyrste gong heile det norske kongeriket under éi lov. Den nye Landslova var eit banebrytande politisk og juridisk arbeid, og etter at han døydde, fekk Magnus tilnamnet Lagabøte – «lovforbetraren». Magnus Lagabøtes landslov står igjen som eit av dei aller viktigaste dokumenta vi har frå Noreg i mellomalderen. Lova gjaldt i over 400 år, og i denne lova ligg spirene til den norske rettsstaten og ideen om folkeleg medråderett, som er ein føresetnad for demokratiet vårt. Leiar for Mellomaldersenteret ved NTNU i Trondheim, Erik Opsahl, gjestar biblioteket og held foredraget Magnus Lagabøtes landslov, eit jubileum verdt?

Matmakt og kjedemakt
Fredag 30. august får vi besøk av skribent og journalist Siri Helle. Basert på boka Matmakt på butikken (2018) held ho foredrag om kven som bestemmer kva vi skal eta. Noreg har den mest konsentrerte daglegvaremarknaden i Europa. Tre daglegvarekjeder leverer nittini prosent av maten vi et, og makta til daglegvarekjedene gjeld ikkje berre mellom reolane. Daglegvarekjedene styrer alt frå småbyestetikk og pizzakjeder til dyrevelferd i hønsehuset. Arrangementet er del av bibliotekprosjektet om mat og berekraft.

Torsdag 29. kl. 19.00: Magnus Lagabøtes landslov, eit jubileum verdt? ved Erik Opsahl
Fredag 30. kl. 13.00: Matmakt og kjedemakt, kven bestemmer kva vi skal eta? ved Siri Helle
Inngang: 100 kr på båe arrangement.
Arr.: Diktardagar og Lom folkebibliotek