Lom friviljugsentralLom Friviljugsentral er ei stifting eigd av Lom Kommune, Lom Helselag og Lom og Bøverdalen Røde Kors. Målsettinga er å vere eit knutepunkt for friviljug innsats i nærmiljøet. Friviljugsentralen ynskjer å gje fleire høve til å delta på arrangement i bygda, heve statusen til dei friviljuge, og vere eit supplement til offentleg verksemnd. Det er lange tradisjonar i Lom når det gjeld å ha omsorg for kvarandre. Samarbeidspartar er friviljuge, flyktningtenesta, NAV, vaksenopplæringa, Lom Helseheim, Lom folkebibliotek, med fleire. Føresetnadane for å få varige og gode tilbod:Stor interesse frå folk i bygda. Lågterskeltilbod, alle som vil kan møte.Uformelle grupper.Friviljuge tek ansvar for grupper.Dagleg leiar set i gang tiltak, og koordinerer dei. Friviljugsentralen treng fleire friviljuge - i alle aldre. Ta kontakt med oss! Du er velkomen innom i Drengjestugu, for ein uforplikta prat og kaffe. Vi ser fram til å sjå deg!Lom Friviljugsentral Ella Hoel Sist endret 20.08.2024 12.05