Du som vil bruke av fritida di til å hjelpe andre. Du som er ung og vil auke di livserfaring gjennom kontakt med andre menneske. Du som har vorte pensjonist og tykkjer dagane bli lange. Du som ynskjer å vera eit medmenneske. Du som har litt tid til overs og vil bidra med noko positivt.
Eksempel på oppgåver kan vere: besøksvenn, turvenn, hjelparar på fredagstreff, småbarnstreff, strikkegruppe, språk-kafe. Og friviljuge til Lom helseheim: besøksteneste på dagtid eller om ettermiddagen.
Kva forventast av deg? Kor mykje tid du vil bruke og kva du ynskjer å bidra med bestemmmer du sjølv. Vil du melde deg som friviljug, eller vil du vite meir? Kontakt friviljugsentralen, kom gjerne innom for ein uforpliktande samtale.
Starte noko nytt? Går du med tankar om å starte noko nytt eller du ser eit behov. Vi kan hjelpe deg i gang, og vidareformidle til lag og organisasjonar.