Viktig melding

VIKTIG INFO KRING FAKTURERING AV KOMMUNALE GEBYR

Grunna overgang til nytt system for handsaming av kommunale gebyr har vi vorte noko forseinka med fakturering.
Difor vil du nå motta faktura for termin 1 og 2 i starten av mars. For termin 3 vil faktureringa gå som normalt.

Ledige næringslokale i Lom

Her finn du ei oversikt over ledige næringslokale i Lom.  Er du på jakt etter kontorplass finn du meir info om dette på Kontor i Lom.

Ta gjerne kontakt med eigar dersom du er interessert. 
Ynskjer du ei omvisning rundt i sentrum for å sjå kva som står ledig kan du gjerne kontakte næringssjefen, ho kan syne deg rundt. 

Næringslokale til leige i Lom næringsbygg, ved Stokk & Stein

 

Beskriving:
Ledige lokaler i 2. etasje, kontor / klasserom.
Samlokalisert med Stokk & Stein, Ocab og Norsk Landbruksrådgiving. 

Pris etter avtale, ta kontakt ved interesse. 

Sjå video av bygget her frå 2015: Sjå video her (noko utdatert):
Plassering: Liavegen 40, 2686 Lom. 
Kontaktinformasjon: Jan Christensen for Lom Næringsbygg AS, Liavegen 40, 2686 Lom,  
Tlf. 908 60 858, E-post: post@stokkstein.no

 

Næringslokale til sal i Koldenbygget

Butikklokale i Koldenbygget

Beskriving:
Eigedommen innheld leilighet og eit bilverkstad. 
Sjå (inaktiv) finn annonse her: 

Bygget er no til salgs, ta kontakt ved interesse.
Sjå elles GD-artikkel frå 20.11.2024 (for abonnomenter)

Plassering: Bergomsvegen 1, 2686 Lom. 
Bygget ligg plassert like inntil Rv15, i nærleiken av Sport1 og Lom aktivitetspark. 

Kontaktinformasjon og meir informasjon: Koldenbygget er eigd av Cebe Eiendom AS, som er under tvangsavvikling. Ta derfor kontakt med Advokat Anders Gustav Bjørnsen for meir informasjon, tlf. 90609693.

Har du ledige lokale i Lom til sal/utleige, eller er du på utkikk?


Da vil vi gjerne høyre frå deg! Ta gjerne kontakt med kommunen dersom du: 

  1. Har ledig næringslokale eller næringstomt til utleige / sal 
  2. Ynskjer hjelp til å finne riktig lokale for deg og din bedrift


Sjå kontaktinformasjon til vår næringssjef Åshild (innramma i ein eigen boks). 
Vi set også stor pris på attendemelding dersom du ser feil i lista, eller veit om nye lokale til utleige / sal i Lom. Kommunen tek ingen ansvar for eventuelle feil eller manglar i lista.

Hugs at vi har ei eiga sida som viser ledige kontorlokale i Lom. 
Nokre av desse plassane har også potensial til å brukast som butikklokale eller anna næringslokale, så sjekk det ut på www.kontorilom.no 

Kontakt

Åshild Myhre Amundsen
Næringssjef og landsbykoordinator
Telefon 975 22 977

Kontorstad: Midtgard, 3. etasje