Faste sals- og skjenkeløyver blir gjeve for fire år av gongen og fylgjer kommunestyreperioden.
For kvar bevilling skal det utpekast ein styrar og vara som blir godkjend av kommunen. Styrar og vara må vere over 20 år, og ha teke kunnskapsprøven i alkohollova.
Kommunen arrangerar prøve i alkohollova. Ta kontakt med Servicetorget på kommunehuset for å avtale tid for prøve.
Kommunen gjev òg løyve til skjenking av alkohol for eitt enkelt høve.
Den som vil gjere seg næring av å drive serveringsverksemd må ha serveringsløyve gjeve av kommunen. Den daglege leiaren på serveringsstaden må ha gjennomført ei etablererprøve. Kommunen arrangerar etablererprøva. Ta kontakt med Servicetorget på kommunehuset for å avtale tid for prøve.