Søk om tilskot frå næringsfondetLom kommune har eit næringsfond der delar av summen er satt av til "frie midlar". Her kan du søkje om tilskot til ulike føremål, primært retta mot det private næringslivet i Lom. Du finn meir informasjon om ulike tilskotsordningar under. TilskotsordningarStøtte frå næringsfond til etablering eller vidareutvikling av bedrift, arrangement etc. (fast ordning)Støtte til forprosjekt, for privat næringsliv (ei eiga ordning i 2022)Støtte til å sitte i eit kontorfellesskap i Lom, for studentar, nyetablerte eller folk med stadsuavhengig arbeidsplass (ei eiga ordning i 2022) Støtte til skedfarevurdering for privatpersonar (fast ordning) Ta gjerne kontakt med næringssjefen dersom du har spørsmål eller vurderer ein søknad. Gjeld det landbruk, gå til Landbrukskontoret i Lom og Skjåk.Innovasjon Norge, Forskningsrådet, SkatteFunn og Fylkeskommunen er andre aktørar som har tilskotsordningar som kan vere aktuelle for bedrifter i Lom. Spør gjerne kommunen om hjelp til å finne tilskotsordningar for di bedrift. TilskuddsportalenLag og organisasjonar i Lom kommune kan registrere seg som brukarar i Tilskuddsportalen og få tilgang på over 1500 søkbare tilskot. Her må alle kontaktpersonar registrere seg som brukarar, og det blir gjeve tilgang til inntil tre brukarar frå kvar foreining. Pixabay Publisert av Åshild Myhre Amundsen Sist endret 20.08.2024 12.01