Tilskot til å "prøvesitte" i kontorfellesskapLom kommune har akkurat vedtatt retningslinjer som gjer at DU kan teste ut eit kontorfellesskap i Lom og få dekt heile eller deler av husleigekostnaden. Retningslinjene kan du lese under, og her er det fyrstemann til mølla. Du finn søknadsskjema nedst i denne saka. Bålkos på Norsk fjellsenter Retningslinjer vedtatt i samfunnsutvalet 25.april 2022:Vil du eller din bedrift "prøvejobbe" i Lom, men utan å betale ein stor husleigekostnad i starten? Lom kommune ynskjer å legge til rette for at nyetablerte, studentar og folk med stadsuavhengig arbeidsplass kan "prøvejobbe" i Lom ei periode utan å betale mykje i utleige. I 2022 har vi derfor sett av kr. 100 000 til ordninga, fordelt på maks kr. 10 000 pr. person / bedrift. Her er det fyrstemann til mølla!Ordninga gjeld for: Oppstartsbedrifter i tidleg fase (fem fyrste åra), folk med stadsuavhengig arbeidsplass og studentar som ynskjer å prøve ut eit kontorfellesskap i Lom. Det må sannsynleggjerast at personen eller bedrifta har planer om å bruke kontoret / lokalet mesteparten av tida. Bedrifter / folk som allereie er ein del av eit kontorfellesskap i Lom, og som ynskjer å teste ut ei ny plassering kan ikkje få tilskot.Kva reknast som eit kontorfellesskap? Eit lokale som ligg plassert i Lom kommune, med tre eller fleire kontorplassar inntil kvarandre. T.d. Nilsbue, Norsk fjellsenter, Murgarden, Fjoset, Lom næringseiendom etc. Målet med ordninga er å bygge opp gode fagmiljø, der det er attraktivt å sitte. I særlege høve kan det også vere aktuelt å gi tilskot til folk med stadsuavhengig arbeidsplass som ynskjer å teste ut Lom, men som treng andre fasilitetar enn eit kontorfellesskap (som atelier og liknande).Kva kan du få i tilskot?Du / din bedrift kan få eit tilskot på inntil kr. 2500 pr. månad i inntil fire månadar, altså maks kr. 10 000. Du kan få ei kostnadsdekning på inntil 100% av leigeprisen, med kr. 2500 som ei øvre grense per månad. Men dersom den reelle leigekostnaden er lågare blir tilskotet lågare.Døme: Leigekostnad pr. mnd = kr. 500. Tilskot pr. mnd = kr. 500, eigenandel kr. 0,- Leigekostnad pr. mnd = kr. 3000. Tilskot pr. mnd = 2500, eigenandel på kr. 500,- Tilskotet blir utbetalt direkte til den private utleigaren så snart kommunen har fått tilsendt ei bekreftelse på at leigeavtale er inngått.Kva må ein søknad innehalde? Kort om kven du eller din bedrift er Om du søkjer på vegne av ei nystarta bedrift (maks 5 år gamal), om du er student eller om du har ein stadsuavhengig arbeidsplass. Leigepris pr. mnd (dette må du sjølv avklare med utleigar) Kvar du har tenkt å sitte. Lengde (vi kan støtte minimum ein månad, maksimum fire månadar)Ordninga gjeld så lenge det finst midlar.Oversikt over ledige kontorlokaleGå til oversikt over ledige kontorlokale i Nord-Gudbrandsdal.Gå til detaljert oversikt over ledige kontorlokale i Lom.Ta gjerne kontakt med næringssjef Åshild Myhre Amundsen på ashild.amundsen@lom.kommune.no / 975 22 977 dersom du ynskjer ei omvising eller har spørsmål. Publisert 25.04.2022 16.54