Tilskot til forprosjekt for bedrifter i Lom

Lom kommune lyser ut forprosjektmidlar til både nyetablerte og etablerte bedrifter med forretningsadresse i Lom kommune. Midlane skal brukast til forretningsutvikling, der det overordna målet er å skape nye arbeidsplassar og/eller naudsynt omstillingsarbeid for å bevare eksisterande arbeidsplassar.

Tilskotet er avgrensa til inntil kr. 30 000 pr. bedrift, inntil 50 % av godkjent, dokumentert kostnad. Tilskotet skal kun nyttast til eksterne kostnadar, der bedriftene har inngått eit forpliktande samarbeid med ei bedrift som har kompetanse innan forretningsutvikling og kan vise til konkrete resultat.

Krav til søkjar (bedrifta):

  • Må ha ein ambisjon om auka sysselsetting eller naudsynt omstilling
  • Må ha vilje og tid til å gå inn med eigeninnsats i ei utviklingsfase
  • Må ha vilje til å tenkje nytt
  • Må legge FN sine prinsipp for berekraft til grunn i utviklingsarbeidet
  • Må ha eit organiasjonsnummer med forretningsadresse i Lom

Ordninga er ope for alle bransjar. Reglane for eigeninnsats er kr. 350 pr. time, dokumentert i form av timeliste, eller eigne midlar i form av eigenkapital. 

Søknadane blir behandla fortløpande til midlane tek slutt (det er sett av kr. 250 000 i fyrste omgang).

Ingen har rett til å få tilskot, men alle bedrifter står fritt til å sende inn søknad via regionalforvaltning.no

Krav til søknaden

  • Bakgrunn og beskrivelse
  • Budsjett
  • Finansieringsplan
  • Organisasjonsnummer
  • Kontonummer

Ta gjerne kontakt med næringssjef Åshild Myhre Amundsen i Lom kommune for rådgjeving og sparring før du sender inn ein søknad. Alle må sende inn søknaden via regionalforvaltning.no: Gå til søknadsskjema 

Kontakt

Åshild Myhre Amundsen
Næringssjef og landsbykoordinator
Telefon 975 22 977

Kontorstad: Midtgard, 3. etasje