Motorferdsel i utmarkAll motorferdsel i utmark utanom bilveg krev dispensasjon/løyve frå kommunen. Søknadar blir behandla fortløpande og er gratis.For varetransport med snøscooter mellom bilveg og hytte, vedtransport m.m. finst ei ordning for leigekøyring (sjå punkt under). For motorferdsel i verneområde gjeld eigne reglar i verneforskrift. Søknadsskjema - kva treng kommunen frå deg? Kommunen treng ein skriftleg søknad der det blir gjort greie for formålet med motorferdsla, stad/køyrerute, talet på turar, tidspunkt/tidsrom. Dette lastar du opp som eige vedlegg i søknadsskjemaet. Gå til søknadsskjema Ingen regel utan unntak - desse treng ikkje løyve frå kommunen: politi, ambulanse- og redningstenestedrift av kraftforsyningsanleggoffentlege post- og teletenesternødvendig transport i jordbruk-, skogbruk- og reindriftsnæringtransport av jaktutbytte ved elg- og hjortejakt. Saksbehandlingstid og rett til å klage SaksbehandlingstidNormalt innanfor ei vekePrinsipielle saker vil ta lenger tidRett til å klageFor klagehandsaming gjeld reglane i Plan- og bygningslova.Kommunestyret er klageinstans. Leigekøyringsløyve for snøskuter 2024-2027 Samfunnsutvalet i Lom kommune gjorde 19.02.2024 følgjande samrøystes vedtak i sak 2024/5 Leigekøyringsløyve for snøskuter 2024-2027:Med heimel i Forskrift for bruk av motorkjøretøyer i utmark og på islagte vassdrag §5a blir nye leigekøyringsløyve for snøskuter i Lom kommune tildelt for perioden 2024-2027:Bøverdalsområdet: Flåklypa Maskin ASMeadalen – Soleggen – Sålell: Ole Ivar SkaansarNordsetrene – Tesseområdet: Brimi Fjellstugu v/ Vegard BrimiLiafjellet – Finndalen: Kjetil SveineFrå Skjåk grense til Honnsjoen – Finndalen: Skjåk Røda Kors Hjelpekors v/Konrad Soglo Reserveløyve – om den faste kjøraren ikkje er ledig for oppdrag:For område 1, 2 og 3: Eilev Hellekveenfor område 4 og 5: Kjell Olstadfor heile kommunen: Kjetil Gutubø Leigekøyringsordninga har heimel i motorferdselforskrifta §5a, og omfattar mellom anna:transport mellom bilveg og privat hyttetilsyn med hytte etter oppdrag frå eigartransport i samband med reportasjeoppdrag. Om du har behov for snøskutertransport for slike formål – ta kontakt med leigekøyrar for området. Motorferdsel på vassdrag Kommunestyret i Lom vedtok 20.06.2023 i sak 2023/54 endring av kommunal forskrift om start og landing med luftfarty og motorferdsel på vassdrag. Endringa opnar for bruk av mindre elektrisk båtmotor inntil 800 w ved fiske på Høyvatnet (Høydalsvatnet) i Lom, i perioden 1. juli til sesongslutt for garn- og oterfiske.Forskrift om start og landing med luftfary og motorisert ferdsel på vassdrag - Lom kommune (PDF, 397 kB)Vedtak KS 2023-54 - endring av kommunal forskrift om start og landing med luftfarty og motorisert ferdsel på vassdrag - Lom kommune (PDF, 580 kB) Lovgrunnlag Forskrift for bruk av motorkøyretøy i utmark og på islagte vassdrag – Miljøverndepartementet 15.05.1988, med seinare endringar.Forskrift om start og landing med luftfarty og motorisert ferdsel på vassdrag, Lom kommune, Oppland - Lom kommunestyre 28.04.2011 For motorferdsel i verneområde gjeld reglane i verneforskrifta for området. Sist endret 05.09.2024 13.36