Det skal søkjast om opptak på elektronisk skjema: Søk barnehageplass.
Hovudopptak gjeld oppstart nytt barnehageår, og plassar blir lyst ut i januar med søknadsfrist 15.februar. Hovudopptak skal vere ferdig med melding om plass før 1.mai. Rett til barnehageplass er lovfesta. Det vil seie at barn har rett på plass i barnehage i kommunen dei bur i ved hovudopptaket.
Barn som fyller eitt år innan utgangen av august det året det blir søkt om barnehageplass, har etter søknad rett til plass frå august.
Barn som fyller eitt år i september, oktober eller november det året det blir søkt om barnehageplass, har etter søknad rett til å få plass innan utgangen av månaden barnet fyller eitt år.
Utanom hovudopptaket er det mogleg å søkje om plass gjennom heile barnehageåret. Barnehagane tek i mot barn dersom det er ledige plassar og tilstrekkeleg bemanning.
Oppseiingstida er ein månad. Det blir kravd betaling for endring og oppseiing av barnehageplass rekna i heile månader.
Eit barn som har plass i barnehagen, har plassen ut juli det året det skal starte på skulen dersom føresette ynskjer det.
Prioritering ved opptak
- Barn med spesielle behov, jf barnehagelova § 13
- Minoritetsspråklege barn
- Barn som bur i Bøverdalen får plass i Loar.
- Søsken får plass i same barnehage
- Alder