Flyktningetenesta

Flyktningetenesta har ansvaret for oppfølging av flyktningar som er busett i Lom, og sørger for at dei får introduksjonskurs og naudsynt hjelp til å bli godt etablert i Lom. 

Kva gjer flyktningtenesta

Flyktningetenesta har ansvaret for introduksjonsprogrammet, og tenesta sitt mål er å sørgje for at alle får den bistanden som krevst for god etablering i eit nytt land.

Tenesta gjev praktisk burettleiing og er eit viktig kontaktpunkt for flyktningane. Tenesta yter rettleing og integreringsarbeid generelt i lokalsamfunnet. Elles er arbeidsoppgåvene mange og varierte, og ein arbeider tverrfagleg som eit kontaktledd mellom flyktningane og andre samarbeidspartar. Målet er å følgje opp kvar einskild flyktning på best mogleg måte.

Busetting av flyktningar

Lom kommune busett flyktningar som har fått opphaldsløyve, etter avtale med Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi). Kommunen har ansvar for å skaffe bustad til flyktningar som (IMDi) ber kommunen om å busette. Det er bustadgruppa i Lom kommune i samarbeid med  flyktningetenesta som finn eigna bustad bla bla istedenfor

Familiegjenforening/familieinnvandring

Flyktningtjenesten kan gi veiledning til dem som er familiegjenforent med en flyktning. Flyktninger får informasjon om hvilke rettigheter og plikter som følger med sin oppholdsstatus. Ta kontakt om du lurer på om du har rett og plikt til introduksjonsprogram.

Introduksjonsprogram

Introduksjonsprogrammet er eit opplærings- og kvalifiseringstilbod til nykome flyktningar i aldersgruppa 18-55 år. Målsettinga er at deltakarane skal bli økonomisk sjølvstendige gjennom utdanning og arbeid. Programmet inneheld faga norsk og samfunnskunnskap, samt yrkesretta språkpraksis og andre tiltak som førebur til vidare opplæring eller tilknyting til arbeidslivet. Programmet inkluderer også kompetansekartlegging, livsmestringskurs og foreldrerettleiing.

Statistikk 

Sjå statistikk over busette flyktningar (imdi.no)

 

Kontakt

Lone Løftingsbakken Thoresen
Flyktningkonsulent
Mobil 900 84 958
Anne Marte Nordlie Myren
Aktivitør/Flyktningkonsulent
Telefon 966 20 610
Linda Anette Sund
Aktivitør/Flyktningkonsulent, vikar bustadkonsulent
Telefon 469 49 493
Olve Gaukstad
Flyktningmedhjelpar
Telefon 911 94 080