LeirskuleHar du tenkt over kor mykje eit leirskuleopphald er verd for kvar elev, lærar og klassemiljø?Gjennom vår-, haust- og vintersesong byr Jotunfjell leirskule på eit variert og spennande aktivitetsprogram. Elevar får prøve seg på tur til Galdhøpiggen, brevandring, rappellering og utforsking av spanande kalksteinsgrotter! Naturkjennskap, fjellvett, dyreliv og førstehjelp er sentrale tema gjennom heile veka. Om vinteren har vi mykje skileik og skiskule, snøhulegraving, demonstrasjon med redningshund og flotte skiturar i vinterfjellet. På toppen får du mange flotte meistrings- og naturopplevingar saman med venene dine, gjennom ei sosial og lærerik leirskuleveke.Ei leirskuleveke gjev store moglegheiter for klassen til å lære å samarbeide på ein ny måte i eit nytt miljø. Klassen deler opplevingar og inntrykk på ein måte som er vanskeleg å få til i den ordinære skulekvardagen.Naturen i høgfjellet byr på særs spesielle opplevingar dei ulike årstidane.Velkomen til Jotunfjell leirskule! Gå til Jotunfjell leirskule si nettsideJotunfjell leirskule på Galdhøpiggen Jotunfjell leirskule Sist endret 29.10.2024 15.04