Forskrift om SFO

Heimel: Forskrifta er fastsett av kommunestyret i Lom kommune med heimel i lov av 9. juni 2023 nr. 30
om grunnskulen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova) §4-5 femte ledd.

Heimel

Forskrifta er fastsett av kommunestyret i Lom kommune med heimel i lov av 9. juni 2023 nr. 30
om grunnskulen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova) §4-5 femte ledd.

Målsetting

Skulefritidsordninga er eit friviljug omsorgs- og tilsynstilbod utanom den obligatoriske skuledagen for barn i 1.-4.
klasse og for barn med særskilte behov i 1.-7. klasse. Innhaldet og verksemda skal vere prega av barna sitt behov
for leik, tilsyn, kultur- og fritidsaktivitetar og sosial læring.

§ 1 Tilbod

Loar skule har tilbod om skulefritidsordning (SFO). Tilbodet er for barn i 1.-4. klasse og for barn med særskilte
behov i 1. -7. klasse. Barn med særskilte behov har fortrinnsrett ved mangel på plassar.

§ 2 Opningstider

I tillegg til ordinære skuledagar, held SFO ope på planleggingsdagar, i haustferien, vinterferien, ut juni etter
skuleslutt, og frå og med veke 32 i samsvar med opningstid i barnehage. SFO er stengt i jule- og påskeferiar.
Opningstida er 07:00-16:30.

Kommunen har ulike SFO-tilbod:

Ulike SFO-tilbod
1.-3. klasse Sats
Gratis kjernetid (07.45 - 15.10) 0,-
Gratis kjernetid + morgon (07.00-15.10) Sats gjeve i gebyrregulativ
Gratis kjernetid + ettermiddag (07.45-16.30) Sats gjeve i gebyrregulativ
Gratis kjernetid + morgon og ettermiddag (07:00-16:30) Sats gjeve i gebyrregulativ
4. klasse
Morgonmodell (07:00-08:30) Sats gjeve i gebyrregulativ
Ettermiddagsmodell 1, slutt kl. 15:10 Sats gjeve i gebyrregulativ
Ettermiddagsmodell 2, slutt kl. 16:30 Sats gjeve i gebyrregulativ
Full modell (morgon og ettermiddag) Sats gjeve i gebyrregulativ

SFO kan i tillegg ta inn barn for enkelttimar/dagar. SFO har ein planleggingsdag i året.

Sjå gebyrregulativ for 2024.

§ 3 Betaling

Kommunestyret fastset betalingssatsane i samband med budsjetthandsaminga kvart år.
Foreldrebetalinga blir innkravd kvar månad i samsvar med den tid eleven er påmeldt.
Betaling blir kravd for 10,5 månader. Manglande foreldrebetaling i 2 månader vil kunne føre til at eleven mister
plassen.

Frå 1. august 2024 er det fritak for foreldrebetaling for 12 timar SFO per veke for elevar i 1., 2. og 3. trinn.

§ 4 Ansvar

Lom kommune er eigar. Rektor Loar skule har leiaransvar og opptaksmynde. Assistent med dagleg ansvar skal så langt som råd vere barne- og ungdomsarbeidar.

§ 5 Bemanning

Rettleiande delingstal for bemanning er 14. I tillegg kan det vere behov for ekstrahjelp til barn med spesielle behov. Dette må vurderast for kvar enkelt tilfelle, ut frå barnet sitt behov og økonomiske rammer.

§ 6 Leike- og opphaldsareal

SFO ved Loar skule held til i den delen av skulebygningane som heiter "Tripp", samt at dei har tilgang på heile utearealet til Loar skule. Etter avtale med Rektor kan dei ved behov og nytte andre skuleareal.

§ 7 Inntak

Hovudinntaket av barn skjer i vårhalvåret. Inntak elles i skuleåret kan skje i den grad dei økonomiske rammene tillet det.

§ 8 Endring og oppseiing

Fram til 1.mai er det høve til å seie opp SFO-plassen. Oppseiingstida er to månader, rekna frå fyrste heile månad.
Ved endringar i opphaldstidene skal foreldra få minst ein månads varsel. Endring i opphaldstid skal skje skriftleg.

§ 9 Iverksetting og opphøyr:

Denne forskrifta trer i kraft 01.08.2024.