Alle søknadar om permisjon skal sendast til, og svarast ut ved den enkelte skule. Søknad om permisjon skal vanlegvis vere skulen i hende ein månad før ynskt permisjon skal starte. Lom kommune krev at slik søknad skal kome frå ein av foreldra eller den som har det daglege ansvaret for barnet.
Merk og at den av foreldra som har foreldreansvar, men som barnet ikkje bur fast hjå, har medbestemming når det gjeld barns utdanning, jf. Barnelova § 30. Det må difor forutsetjast at denne er inneforstått med søknad om permisjon.
Lenkje til søknadsskjema finn ein på kommunen si heimeside. Eventuelle spørsmål om ordninga kan rettast til skulen ved rektor. Merk at alle søknadar om permisjon, sjølv ved søknad om ein dag, skal søkjast om via lenkja under. (Vi minner og om at fråvær av helsemessige grunnar skal det ikkje søkjast permisjon for, kun ei melding til kontaktlærar.)
https://foresatt.visma.no/lom
Dersom føresette klagar på vedtaket, skal klaga fyrst behandlast på nytt av skulen. Dersom vedtaket vert oppretthalde, vert klagen sendt til Statsforvaltaren i Innlandet.
Ved handsaming av klagar på avslag om permisjon ser Statsforvaltaren på om skulen har handsama søknaden i tråd med opplæringslova, og etter alminnelege forvaltningsrettslege reglar. Statsforvaltaren har som praksis at skulens avslag om permisjon ikkje vert overprøvd. Desse reglane skal mellom anna beskytte mot usakleg forskjellsbehandling, vilkårlegheit og at det vert lagt vekt på utanforliggande tilhøve.