Brann og feiingDet er lovkrav om feiing og tilsyn i aller typer bygg med fyringsanlegg og eldstad. Jfr. Brann og eksplosjonsvernlova av 14. juni 2001 § 11h og Forskrift av 1. januar 2016 om brannforebygging §§6 og 17. Feiing og tilsyn med fyringsanlegg Forskrift om brannforebygging, er ei forskrift som skal bidra til å redusere sannsynlegheita for brann, og avgrense konsekvensane brann kan få for liv, helse, miljø og materielle verdiar.Forskrifta pålegg kommunane å sørge for feiing av skorsteiner og tilsyn med fyringsanlegg etter behov. I medhald til forskrifta, som var gjeldande frå 1.januar 2016, gjeld feiing og tilsyn alle fyringsanlegg i alle type bygg, og ros-vurdering gjev utgangspunktet for kor ofte dette skal gjennomførast. Kor ofte skal feiing og tilsyn utførast? For hytter, setrer og fritidsbustadar blir det lagt opp til feiing og tilsyn kvart 8. år, feiing og tilsyn blir utført på same tidspunkt. Feiing blir fastsett ut i frå behovet for kvart fyringsanlegg, og vil vere opp til kvart 5. år for mange. Etter besøk frå feiaren kan denne hyppigheita bli forandra. Gebyr Når det gjeld gebyr for feiing og tilsyn for fritidsbustadar, hytter og setrer, så blir dette gjort på same måte som for bustadar. Alle heimelshavarar på hytter, setrer, fritidsbustadar og næringsbygg blir ilagt gebyr.Storleiken på gebyret er fastsett av kommunane, og det er etter sjølvkostprinsippet. Eigarane av desse objekta betalar ein delsum av gebyret kvart år, uavhengig av kva for år det er utført feiing og tilsyn. Eigars ansvar Når feiaren kjem må eigar, eller representant for eigar, vere tilstades. Dette for at feiaren få gjennomført tilsyn på fyringsanlegget inne. For å kunne gjennomføre feiing må det vere tilrettelagt for adkomst til tak. Det er krav til sikker adkomst til, og på tak for feiaren.Det er krav til røykvarslar og sløkkemiddel.Dersom feiaren finn alvorlege feil eller manglar ved fyringsanlegget, vil dette bli fulgt opp på vanleg måte, og avvika må utbetrast innan ein fastsett frist. Lom og Skjåk brannvesen Lom og Skjåk brannvesen vart stifta i februar 2001, og er danna som eit kommunalt organisasjonsselskap etter kommunelova § 27. Selskapet er heileigd av Lom og Skjåk kommune.Lom og Skjåk brannvesen har som oppgåve å beskytte og redde liv, eigedom og miljø i kommunane våre. Brannvesenet er kommunen sitt viktigaste verkty for tryggleik og beredskap. Målet er å skape tryggleik og bidra til å auke kunnskap om førebyggande tiltak - både i heimane våre og på arbeid, samt i samfunnet elles. Lom og Skjåk brannvesen har brannstasjonar i Lom og i Bismo, med godt skolert mannskap og moderne utstyr. Vi er klare til å rykke ut når menneske og samfunn treng oss. Gå til Lom og Skjåk brannvesen si nettside. Vi er der, når du treng oss mest!Ved akutt brann ring 110Vakttelefon 95989944 (ring, ikkje send sms på denne) Sist endret 17.09.2024 08.51