Samfunnsdel til kommuneplan for Lom kommuneKvar skal vegen for Lom gå dei neste åra? Gjennom å vedta ein kommuneplan med satsingsområda berekraft, attraktivitet og leve heile livet i Lom har vi sett oss mål som vi skal arbeide aktivt mot, både som kommuneorganisasjon og saman med innbyggjarane i Lom.Mange av måla heng saman med store nasjonale satsingsområde som kommunen er ein del av, og har direkte samanheng med omstillingar som Lom må gjennom dei næraste åra. Nokon mål er kommunen sine heilt eigne. Og i botnen av alt dette ligg FN sine berekraftmål: Ei berekraftig utvikling, der ein imøtekjem dagens behov utan å øydelegge moglegheitene for at komande generasjonar skal få dekt sine behov. Samfunnsdelen vart vedteken av Lom kommunestyre 15.12.2022 sak 2022/78. Kommuneplanen har eit langtidsperspektiv på tolv år, men minst kvart fjerde år skal ein vurdere om planen treng revidering. Kommuneplanen har også ein arealdel. Gå til aredaldelen.DokumentMøteprotokoll kommunestyre 15.12.2022 (PDF, 581 kB)Kommuneplanens samfunnsdel 2021-2033 (PDF, 326 kB) (tekstdokument)PP-presentasjon av kommuneplanens samfunnsdel 2021-2033 (PDF, 6 MB) Sist endret 30.10.2024 10.41