Viktig melding

VIKTIG INFO KRING FAKTURERING AV KOMMUNALE GEBYR

Grunna overgang til nytt system for handsaming av kommunale gebyr har vi vorte noko forseinka med fakturering.
Difor vil du nå motta faktura for termin 1 og 2 i starten av mars. For termin 3 vil faktureringa gå som normalt.

Kommunedelplan for klima og energi 2023-2027

Planprogram for kommunedelplan for klima og energi 2023-2027 vedteke.

Planprogram for kommunedelplan for klima og energi 2023-2027 vart vedteke i kommunestyret 20.6.2023. Planprogrammet vart sendt på høyring 12.4.2023, og høyringsfristen var 30.5. Det kom inn seks uttaler. Framdriftsplanen vart justert før endeleg handsaming, og beskriv nå framdrift fram mot vedtak i mars 2024.  

Sjå vedteke planprogram, kommunedelplan for klima og energi 2023-2027 (PDF, 264 kB).