Vedteken reguleringsplan for Stallhytta massetak ved Veodalsvegen.
Lom kommunestyre gjorde 21. oktober 2024 i sak PS 2024/74, (PDF, 700 kB) vedtak av detaljreguleringsplan for Stallhytta massetak med planid. 34340007.
Planområdet ligg inntil og omfattar ein del av Veodalsvegen, som er privat bomveg. Det har vore grustak innafor planområdet i ei årrekke som har vore avklart i kommuneplanen, men uttaket er ikkje tidlegare regulert. Detaljreguleringsplanen som er vedteken, legg grunnlag for å sikre vidare drift i tilknyting til vedlikehald av veganlegget Veodalsvegen. Planen er utarbeidd av Felles plankontor for Lom og Skjåk kommunar.
Detaljreguleringsplanen omfattar følgjande dokument:
1. Planomtale (PDF, 4 MB)
2. Reguleringsplankart (PDF, 369 kB)
3. Planføresegner (PDF, 107 kB)
4. ROS-analyse (PDF, 2 MB)
5. Masseberekning (PDF, 4 MB)
Desse dokumenta ligg som vedlegg til denne artikkelen, saman med sakspapir frå sluttbehandlinga av planen i Lom kommunestyre.
Kart og dokumenter er også tilgjengeleg på kommunens si kartinnsynsløysing Geoinnsyn-Stallhytta under fana Plan og så velje Gjeldande reguleringsplan. Ein kan her også finne plandokumenta ved å klikke innafor planområdet, og så hente dei ulike dokumenta under Vis utvida informasjon.
Ein kan klage på kommunestyret sitt vedtak om godkjenning av planen. Eventuell klage sendast Lom kommune innan 3 veker etter kunngjeringa (frist 22.11.2024).
Spørsmål om reguleringsplanen, kan rettast til Felles plankontor for Lom og Skjåk kommunar v/Øyvind Pedersen, tlf. 47333678 eller på e-post: oyvind.pedersen@lom.kommune.no
Stallhytta 08.09.24
Øyvind Pedersen